NRK Meny
Normal

– No er vi klare til å få Jens ut av regjeringskontora

Harald Nesvik er styrka i trua på eit regjeringsskifte til hausten etter Frp sitt landsmøte i helga.

Harald Nesvik (Frp)

FORNØGD: Stortingsrepresentant Harald Nesvik i Frp er svært fornøgd med landsmøtet.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

– Framstegspartiet er klare for kamp, og Framstegspartiet er motiverte til å gå saman med dei andre borgarlege partia for å få på plass eit regjeringsskifte til hausten, seier Nesvik til NRK Møre og Romsdal.

Samla parti

Etter helgas landsmøte meiner Nesvik at det er eit samla parti som no går inn i valkampen.

– Vi har meisla ut programmet vårt, og går inn i valkampen med eit mål for auget: å få Jens og co ut av regjeringskontora, seier han.

Frp har gått tilbake på fleire meiningsmålingar siste tida, men Nesvik er altså likevel optimist etter landsmøtet i helga.

Sigrar for Møre og Romsdal

Både stortingsrepresentant Harald Nesvik og leiaren i Framstegspartiet i Møre og Romsdal, Frank Sve, er nøgde med året landsmøte.

Frp programfesta at 50 år med ferjesubsidiar kan leggjast til grunn for finansieringa av fjordkryssingsprosjekt. Dette meiner Frank Sve er svært viktig for Møre og Romsdal.

– Vi er imot bompengar i alle andre saker, men i denne saka vil vi heller bygge fjordkryssingar enn å betale bompengar til evig tid på ferjene, seier han.

Imot leveringsplikt

Stortingsrepresentant og Frps-fiskeripolitiske talsmann Nesvik kjempa spesielt for å få endra dagens ordning med leveringsplikt til spesifikke fiskemottak – også han vann fram med saka.

– Frp er i mot leveringsplikt på prinsipielt grunnlag. Vi går inn for at dagens ordning vert endra og at mottaksplikta vert utvida til å gjelde fylke eller større regionar. Dette vil vere med på å gi betre og meir føreseielege rammevilkår både for fiskarane og mottaka, seier Harald Nesvik.