Hopp til innhold

Lokal entreprenør får oppdrag

Prosjektstyret for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har innstilt Angvik Grytnes Entreprenør AS til oppdraget om å bygge den tekniske sentralen ved akuttsjukehuset på Hjelset. Det er hyggeleg at ein lokal aktør er konkurransedyktig og vinn fram. Vi får nå med ein solid og lokaleigd entreprenør med fokus lokal verdiskaping inn i prosjektet, skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.