Hopp til innhold

Får pengar for kvart tonn han løftar

På Valderøya trenar ein gjeng for harde livet. For kvart tonn dei løfter, betyr det meir mat og klede til fattige barn i Rio de Janeiro.

Christoffer Tomren løfter vekter for barn i Brasil

Christoffer Tomren har funne ein heilt spesiell måte å hjelpe fattige barn i Brasil på.

Foto: NRK More & Romsdal

Dei fleste som løfter vekter og held på med styrketrening, har eit mål om å kome i betre form sjølv. På treningssenteret Aktiv trening på Valderøya renn sveitten, medan 100 kilos vekter blir løfta opp frå bakken. Der tenker dei ikkje berre på eiga helse. Dei tunge løfta betyr så mykje meir.

– For kvart tonn vi løftar, får vi inn pengar, fortel Christoffer Tomren.

For fem år sidan var han i Brasil og trefte Mara Jeane, som bur ved favelaen to timar utanfor Rio de Janeiroa.

Mara Jane trives med å gi omsorg

Mara Jeane trivst med å gi omsorg til barn som treng ho

Ho er pastor og engelsklærar i kyrkjelyden Rio De Vida. Ho har ikkje eigne barn, men vier livet sitt til å hjelpe andre.

Først hjelpte ho 6–8 barn fast, no er det 40 som kjem heim til henne for å få eit måltid og det aller mest nødvendige i livet.

Samlar inn pengar

– Dei sterke historiene deira treff meg midt i hjartet, her ligg mitt kall, seier ho. Men sjølv om ho får hjelp av søster og venner strekkjer ikkje pengane til.

Barn i meniheita til Project Social Rio De Vida

Barn som Mara Jeane hjelper i Brasil

Foto: Jacqueline Viana

I sin desperate situasjon dukka Christoffer Tomren opp i tankane hennar. Den unge mannen frå Valderøya som kom dit ned for 5 år sidan fordi han gjerne ville hjelpe barn, har mange gonger seinare sagt at ho må ringe visst det er noko han kan hjelpe med. No var tida inne.

Utrygt miljø

På kjøkkenbordet heime hos foreldra til Christoffer på Valderøya snakkar dei om situasjonen til Mara Jeane. Christoffer husker godt då han var i Brasil.

– Det er eit utrygt miljø med mykje kriminalitet i området der Mara bur. Mange av barna har foreldre som ikkje tar seg av dei. Gleda i auga til barna når dei var hos Mara, og fekk seg eit måltid og kjærleik, har gjort sterkt inntrykk, seier han.

Jonas og Håken vil trene ekstra hardt i dag

Håkon frå Torvikbukt og Jonas Hesthaug frå Eidsdal har fått familie og venner til å vere sponsorar

Foto: NRK More & Romsdal

Med ein treningsglad familie rundt seg kom ideen om Lift4kids opp. Det betyr at dei skaffa sponsorar, som betalar pengar for treningsøkta. Kvar deltakar bestemmer sjølv kor tungt dei vil løfte og får ein viss pengesum per tonn. Dei som heller vil ta til dømes sit ups eller knebøy gjer det.

– Eg har ti sponsorar blant familie og vener. Enkelte betaler meg per tonn, og andre vil gi eit fast beløp, seier Christoffer.

Sveittar for pengane

I dag gjekk arrangementet Lifting4kids av stabelen, der folk har blitt rekruttert gjennom Facebook.

Vil løfte 10 tonn i dag

Synne Marie Ulstein frå Ørsta satsar på å løfte 10–12 tonn i dag

Foto: Jannicke Farstad, NRK Møre ogRomsdal

– Det er fint å gi pengar, men det kjennest ekstra godt å sveitte litt for pengane. Og når vi står her og løfter, så går tankane våre til Mara og situasjonen hennar, seier Christoffer. – Eg trur det gjer noko med oss, vi får lyst å gjere enda meir.

Etter tre timar på treningssenteret har dei løfta 100 tonn, og er slitne, men nøgde med innsatsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL