Løebrann på Frei

Ein person blei sendt til legevakta med mogleg røykskade etter at ei løe brann ned i Vadsteinsvika i Kristiansund i natt. Ingen dyr oppheldt seg i løa. Men det var kraftig røykutvikling i samband med brannen. Årsaka til brannen i Vadsteinsvika er ikkje kjent.