NRK Meny
Normal

Løa på Jensagarden på Leira blir konsertlokale

Det det før blei lagra høy skal det no dei vakraste tonane som skal lokkast fram. Den gamle høyløa på Leira blir konsertlokale.

John Inge Leira Bjøringsøy

Pianisten John Inge Leira Bjøringsøy må passe godt på pianofingrane når han driv bygningsarbeid på løa på Jensagarden på Leira i Hjørundfjorden. Konsert-løa skal vere klar til bruk i løpet av året.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det er ikkje først og fremst lukt av gamalt høy og husdyr som slår mot ein når ein kjem inn i den gamle løa på garden Leira i Hjørundfjorden. Lukt av nyhøvla furumanel vitnar om at det er byggearbeid på gang.

– Her skal det bli konsertlokale med eit fantastisk flygel, fortel John Inge Leira Bjøringsøy.

Vakker utsikt

Det er eit høgreist bygg. Opp under taket er det bort i mot fem meter. Spora etter den gamle takkonstruksjonen er godt synleg, og veggen ned mot fjorden har fått store panoramavindauge.

– Her skal publikum kunne sjå ut over Hjørundfjorden når dei høyrer på musikken, seier Bjøringsøy.

Og medan folk sit og nyt den flotte utsikta over eit av dei villaste og flottaste landskapa i Noreg, skal tonar frå både klassisk musikk, jazz og andre genrar fylle rommet i den gamle løa.

John Inge Leira Bjøringsøy

Hanen Ragnvald har verkeleg innteke sjefsrolla på garden. Berre høyr radioreportasjen. Hanen pregar verkeleg lydforholda på Jensagarden.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Kronerulling

Det er ei heilt spesiell historie som ligg bak tanken om å gjere om løa til konsertlokale. John Inge Leira Bjøringsøy er pianist. Men han flytta heim til Leira for å ta over garden for nokre år sidan. Då han kom heim viste det seg at det var stort behov for pianist i områda kring Ørsta og Volda.

Dermed har han fullt opp med oppdrag som pianist, og i tillegg er han organist i kyrkja på Bjørke. Folk i bygda meinte han trong eit flygel heime på garden, og dei sette i gang ei kronerulling.

– Det byrja med at Bente Mangerud sette i gang ei kronerulling til eit flygel eg skulle ha heime i stova mi. Men eg tenkte at eg ikkje kunne ha eit flygel heime som var finansiert på den måten. Då kom eg på idéen om å bygge om løa, slik at flygelet kunne bli til glede for fleire.

Inngang gjennom siloen

Mangerud er trombonist og bur i Volda. Ho har stor tru på at denne typen prosjekt kan ha store ringverknader i lokalmiljø. No er det samla inn over 140.000 kroner. Flygelet som skal plasserast i løa kostar om lag 800.000 kroner.

Vi har stor tru på at vi skal kome i mål med dette, seier Bjøringsøy. Her finn eg roa og her kjenner eg meg veldig heime.

Den gamle grindløa fekk eit rundt tilbygg på sekstitalet. Som så mange andre fekk også denne løa silo i tilknyting til den eine veggen. Og Bjøringsøy har heilt spesielle planar med dette utspringet på bygget.

– Dette blir inngangspartiet, seier han.

– Så når vi kjem på konsert skal vi kome inn og opp gjennom siloen?

– Ja, her skal folk som skal på konsert kome inn. Vi har hatt 80 personar her inne, og det er plass til fleire. Kanskje opp mot 100 personar, seier Bjøringsøy.

Nokon endeleg opningsdato er ikkje sett enno. Men planen er at prosjektet skal vere ferdig i løpet av året, kanskje alt til hausten.

Bente Mangerud og John Inge Leira Bjøringsøy spelar saman