NRK Meny
Normal

Hadde 1400 timar i overtid

Ein av lærlingane LO sin sommarpatrulje trefte på i Ålesund hadde jobba over tusen timar overtid – utan å få kompensert for det. No vil LO ta saka vidare.

LOs sommerpatrulje

Denne gjengen og fleire andre frå Møre og Romsdal har vore rundt om i fylket med LOs sommarpatrulje for å sjekke arbeidsforholda.

Foto: Facebook

Sommerpatruljen til LO har sjekka 408 bedrifter i Møre og Romsdal, og fann brot ved 83 av dei.

Tidlegare har brota her i regionen i hovudsak vore mangel på arbeidsavtale, men i år var dei fleste brot på arbeidstidsbestemmingar.

– Nokon har ikkje ein gong fått moglegheit til å gå på do i løpet av ein arbeidsdag. Arbeidstid og overtid går fleire stadar over den grensa som er sett i arbeidsmiljølova, seier LO sin faglege ungdomssekretær, Kent Logan Jelle.

Les og:

1400 overtidstimar

Ein lærling i Ålesund skulle bli det verste tilfellet sommerpatruljen har opplevd.

Ingen ungdommar under atten år har lov til å arbeide overtid. Denne lærlingen hadde likevel jobba 1400 overtidstimar, utan å få betalt for det.

Sjefen til lærlingen i Ålesund har lova kompensere overtida, men LO har tatt saka vidare.

Kent Logan Jelle

LO sin ungdomssekretær, Kent Logan Jelle.

Foto: Privat

– Vi har sendt ut krav til fylkeskommunen og ansvarleg for læreforholdet om at den bedrifta her ikkje skal ha lærlingar i framtida fordi dei tydelegvis ikkje greier å følgje lovverket, seier Jelle.

LO har og rapportert til Arbeidstilsynet, som no vil følgje opp saka. Dersom dei kjem på besøk til denne bedrifta så kan nok her skje litt av kvart, trur Jelle.

Er det grunn til det kan Arbeidstilsynet skrive ut bøter til bedrifta til den har ordna opp. Er forholda grove nok, kan bedrifta rett og slett stengast.

Stadig meir ulovleg overtid

Patruljen har dei siste tre vekene reist rundt på over 5890 arbeidsplassar i heile Norge. Dei fant brot på arbeidsmiljøloven ved til saman 1107 arbeidsplassar då dei sjekka arbeidsforholda for ungdom i sommarjobb.

LO i Molde

LO på plass i Molde.

Foto: Facebook

Les og:

Det er 29. året sommerpatruljen sjekkar arbeidsforholda for ungdom i sommarjobb.

Framleis mange lovbrot

Oppsummeringa frå årets gjennomgang viser at det blei funne brot på lover og regler på 18,8 prosent av bedriftene som blei besøkt. Det er ein liten auke frå fjoråret, Som tidlegare år er manglande arbeidskontrakt eit av dei vanlegaste lovbrota.

I år har og brot på overtidsreglane seila opp som eit av dei vanlegaste brota, og utgjer 26,9 prosent av 1524 brot.

– Vi ser at det er mange unge arbeidstakarar som jobbar veldig mykje, særleg i serveringsbransjen. Overtid skal vere unntaket, ikkje regelen. Arbeidstakarane under 18 år har ikkje lov til å jobbe overtid i det hele tatt, seier Ungdomsrådgivar i LO, Kent Rune Pedersen til NTB.

Les og:

Dei fleste driv lovleg

Pedersen understrekar at fleirtalet av arbeidsgivarane er lovlydige.

– Dei aller fleste arbeidsgivarar ønsker å drive etter boka, men mange har for liten kunnskap om lovverket. Mange arbeidsgivarar blir glade når vi kjem, og fleire ringer og lurer på om dei kan få besøk av oss, seier han.

Ungdom i sommarjobb har dei same rettane som andre arbeidstakarar.
Dei skal ha skriftleg arbeidskontrakt, vaktliste to veker før dei skal jobbe og lønn til faste tidspunkt.

Alle arbeidstakarar har krav på minst 40 prosent tillegg i lønn dersom dei jobbar meir enn 9 timar på ein dag eller 40 timer på ei veke.