Hopp til innhold

Livsfarleg utandørssoving

Ambulansen i Ålesund måtte rykke ut til fleire rusa personar denne helga. Fleire av dei var tynnkledde, rusa personar som hadde sovna utandørs etter fest.

Terje Takle

- Det er livsfarleg å sovne utandørs på vinterstid, seier overlege ved Ålesund sjukehus, Terje Takle.

Foto: Brede Røsjø / NRK

I helga vart fleire festdeltakarar funne sovande ute, nokre i berre selskapsklede.

Funne av tilfeldig forbipasserande 

- Det er livsfarleg i kaldt ver. Å sovne i ein park ei sommarnatt med 20 varmegrader kan også vere farleg, men på denne tida av året skal ein ikkje drive med den slags, seier Terje Takle. Han er overlege ved Ålesund sjukehus, og ser denne typen saker altfor ofte.

Ikkje alle klarer å halde på kontrollen når dei skal ut på fest. I helga fekk ambulansetenesta 12 meldingar relaterte til rus. Ei av desse gjaldt ei kvinne i 20-åra som vart funne sovande på Ysteneset i Ålesund. Ho vart funnen av tilfeldig forbipasserande, ho var tynnkledd og sterkt nedkjølt. Hadde ikkje nokon funne henne, kunne det gått langt verre.

Må bli varsla i tide

- Ein jentunge i festklede som har sovna i rus ute i snøen i minus to grader, kjem i livsfare i løpet av ein halv til ein time på grunn av nedkjøling, fortel Takle.

- Dei er som regel medvitslause om dei har kome langt nok ned i temperatur, fortel ambulansemedarbeidar ved Ålesund sjukehus, Bjørn Bakken. Han fortel at sterkt nedkjølte pasientar må behandlast som eit egg på grunn av at dei er veldig skjøre.

Om sjukehuset blir varsla i tide, er det mykje dei kan gjere, med både indre og ytre oppvarmingsmetodar.Men overlegen skulle ønske dei fekk færre meldinger om rusa personar som er ute av stand til å ta vare på seg sjølve.

Kroppstemperaturen fell raskt

- Dei som er med på festen, er ansvarlege for kvarandre. Blir ein person som er overstadig rusa vekk frå festen, kan ein ikkje berre gå ut frå at dei har funne ein trygg plass å sove, seier Takle.

- Folk sovnar i rundkøyringar, på midtrabattar og på fortau rundt omkring. Denne helga har det vist seg fire gonger, fortel han. 

Dersom kroppstemperaturen kjem ned til 28 grader, blir hjerterytmen forstyrra. Blir ein liggande ute og fryse, treng det ikkje ta lang tid tid før kroppstemperaturen fell, avhengig av kor mykje klede ein har på, vær, vind og temperatur, og kor mykje underhudsfeitt ein har som isolasjon.