Bokserien «Ekte fotballfruer» handlar om den 37 år gamle småbarnsmora Vivian som flyttar til ei lita bygd på Sunnmøre. Ho bestemmer seg for å berge damefotballen på staden og samlar saman ein gjeng med kvinner. Ikkje alle på laget kan å spele fotball.
– Ideen kom etter at eg las den siste boka om Bridget Jones. Då fekk eg lyst å skrive ein norsk variant, som er røffare. Ein bygdevariant, seier forfattar og frilansjournalist Hege Normann-Stormbringer.
Inspirert av Gjerdsvika
Ho kjem frå Lillehammer, men budde i Gjerdsvika i Sande kommune i fleire år. I 2004 var ho med å starte opp damelaget i bygda og mykje av inspirasjonen til bøkene kjem derifrå.
– Særleg er eg inspirert av geografien og naturen. I mitt hovud ser bygda større ut. Den har fått eit verft, eit sentrum og ein null ekstra bak innbyggjartalet. Resten er fiksjon, seier Normann-Stormbringer
Kjærleik og utruskap
Bokserien handlar ikkje om fotball, men om damene på laget og det dei opplever av kjærleik, utruskap, venskap og utfordringar.
Forfattaren håper at kvinner i alle aldrar kjenner seg att i bøkene hennar.
– Eg har prøvd å vere bevisst på å ikkje gjere karakterane så perfekte. Eg håper at eg får fram svakheitene ved det å vere menneske og vise at det er greitt innimellom, seier forfattaren.