Hopp til innhold

Studenten Markus (20) taklar den nye kvardagen dårleg

Tre av fire studentar meiner livet har blitt meir krevjande etter at koronapandemien nådde Noreg. Markus vurderer å droppe eit fag for å klare seg gjennom semesteret.

Markus slit med å studere heime.

STUDERER HEIME: Markus valde å reise heim til familien i Tønsberg då skulen måtte stenge lokala sine. 

Foto: Privat

Ein vanleg kvardag for Markus Grorud Gaasholt for to månader sidan var å bruke mykje tid på universitetet og vere sosial. Elles kunne du sjå han som servitør på eit hotell i Ålesund. Den nye kvardagen er noko heilt anna.

– Eg taklar det ikkje veldig bra. Eg saknar vennane mine og moglegheita til å møte dei. Eg får ikkje med meg det som skjer i forelesningane på nett. Eg slit med å lære frå før av, og nettundervisning hjelper ikkje meg stort.

Markus går sitt andre år, og var fadder hausten i fjor.

FADDER: Markus (t.v.) var fadder til dei nye studentane som kom i fjor.

Foto: Privat

Ei undersøking som er gjort blant tre tusen studentar i Ålesund, Gjøvik og Trondheim, viser at tre av fire studentar meiner livet har blitt meir krevjande etter at koronapandemien nådde Noreg.

– Det er urovekkande. Spesielt om dette varer lengre enn vi har trudd. Om vi skal halde fram slik neste semester også, så er det viktig at vi og universiteta legg betre til rette, seier administrerande direktør for Studentsamskipnaden i Trondheim, Ålesund og Gjøvik (SIT), Audhild Kvam.

NTNU forstår godt at kvardagen til studentane har blitt vanskelegare å takle.

– Vi prøver å oppfordre dei som driv med nettbasert undervising til å legge til rette for ein meir strukturert kvardag til studentane, seier Berit Kjeldstad, konstituert prorektor for utdanning ved NTNU.

Om situasjonen er det same etter sommaren, vil dei gjere endringar.

– Om vi må halde fram med nettbasert undervising etter sommaren, så må vi finne andre metodar som fungerer betre for studentane, seier ho.

Lærer best på skulen

Markus studerer automatiseringsteknikk ved NTNU i Ålesund. Eit studium med mykje praktiske arbeidsoppgåver som dei må gjere på skulen.

– Éin av grunnane til at eg valde automatiseringsteknikk, var fordi det var ein del praktisk arbeid. Eg liker å arbeide med hendene mine.

Markus saknar å vere saman med klassa si for å studere.

LÆRERIKT OG SOSIALT: I ein slik øvingstime lærte Markus mykje.

Foto: Privat

No er alt av det praktiske arbeidet utsett. Og Markus slit med motivasjonen.

– Tidlegare har vennane mine motivert meg. Vi har jobba saman for å løyse oppgåver. Diskusjon er noko som eg lærer av. Men dette mister eg no, det er ingen som etterlyser meg når eg ikkje kjem på skulen.

No vurderer han å fokusere på to av tre fag, for å kunne klare seg gjennom semesteret. Det betyr kanskje eit ekstra halvår før han blir ferdig med studiane.

– Eg veit ikkje om eg klarer å fullføre alle fag, seier han.

Betre tid til familien

Koronakrisa har ikkje berre negative konsekvensar for studentar. Undersøkinga viste også at fleire studentar har betre kontakt med familien sin i desse tider.

– Fleire sa dei snakkar meir med familien sin no, fordi dei har tid. Mange drar også meir ut på turar i skog og mark, det er positivt, seier Kvam.

Audhild Kvam, administrerande direktør i SIT.

UROVEKKANDE: SIT arbeider no med å gje studentane eit tilbod som kan gjere kvardagen litt enklare.

Foto: Torbjorn Buvarp

Også betre tid til lesing er ein positiv effekt som undersøkinga viser.