Liv Ullmann i Molde

Film- og teaterlegenda Liv Ullmann er på plass i Molde. Frå scenen på Teatret Vårt skal ho fredag samtale med Riksteatret sin sjef, Tom Remlov. 81-åringen seier til NRK at ho har spelt sine siste roller, men at ho framleis har mykje å gi.