Hopp til innhold

Sjå steinspranget frå Mannen

Søndag var det eit lite ras frå det ustabile fjellpartiet ved Mannen i Rauma. Ordføraren tar det med knusande ro.

søndag 9.8

RAS: Søndag buldra det nedover fjellsida til Mannen i Romsdalen. Raset var lite, og vanleg, ifølgje ordføraren.

Det rasfarlege fjellpartiet i Rauma er under konstant overvaking av NVE. Det er venta at så mykje som 120 000–180 000 kubikk kan rase. I fjor haust var bebuarane evakuerte og toglinja stengt fordi ein frykta at partiet kom til å rase, men dei store bevegelsane i fjellet minka.

Steinsprang fra Mannen

Her går det eit steinsprang frå Mannen i Romsdalen.

Foto: NRK

I sommar vart det igjen sett fart på bevegelsane i fjellet og farenivået vart heva frå grønt til gult. Det betyr at kommunen har starta å planlegge kva dei skal gjere, men bebuarane er ikkje evakuerte.

Høyrde buldringa godt

Søndag gjekk det eit steinsprang, som naboar høyrde heilt tydeleg. Ordføraren i Rauma, Lars Olav Hustad har snakka med dei næraste naboane.

Ordfører i Rauma, Lars Olav Hustad, ved Mannen på Horgheim

Ordføraren i Rauma, Lars Olav Hustad, seier at innbyggjarane under Mannen er vande med at det går steinsprang i fjellsida.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Dei som bur nedanfor Mannen høyrde og såg raset godt, men det var ikkje av ein dimensjon som gjorde at det vart farleg for nokon, seier Hustad.

Han fortel at det har vore stilt frå geologane, og ifølgje rapportane er det ingenting som tyder på at det er noko stort som er i ferd med å skje.

– Eg reknar med at dette er slikt som skjer i ei bratt fjellside. Ingenting tyder på at rørslene i fjellet er i ferd med å eskalere, seier han.

Geologane overvaker fjellpartiet med trekkstag i den øvre delen, ein radar som står nede i Romsdalen, og to seismiske sensurer som målar risting i fjellsida.

Mannen