Hopp til innhold

Lite kunnskap om dysleksi

Dysleksiforbundet er kritisk til at så få lærarar har kunnskap om dysleksi.

Video nsps_upload_2009_9_3_19_53_3_681.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Få har fått opplæring

Ina Blindheimsvik

Ina Blindheimsvik er spesialpedagog ved Stafsthneset skole i Ålesund.

Foto: NRK

Stadig fleire elevar i grunnskulen får diagnosen dysleksi. Dysleksiforbundet i Møre og Romsdal har det siste året hatt ein auke i medlemstalet på 25 prosent. Forbundet er nøgd med at fleire blir oppdaga og får hjelp, men er kritisk til at så få lærarar har kunnskap om diagnosen.

Ina Blindheimsvik er spesialpedagog og styremedlem i Dysleksiforeningen på Sunnmøre. Ho meier læararane må få meir kompetanse. - Mange av lærarane føler seg usikre. Dei veit ikkje kva dei skal gjere og korleis dei skal hjelpe dei som har dysleksi.

Læremiddel med mange feil

Ole Petter Helle, Kristian Hagen og Geir Iver Rogne

Frå venstre: Ole Petter Helle, Kristian Hagen og Geir Iver Rogne som alle går på Vatne ungdomsskule.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Trass tilgang på gode læremedlar er det mange som slit med læringa. PC-program gir god hjelp, men elevar og lærarar opplever at det er mange feil i programvaren og at programma er vanskelege å bruke.

Fleire elevar peikar også på at mange lærarar manglar kunnskapr om vanskane dei har, og dette gjer undervisninga mangelfull. Også elevane etterlyser kurs for lærarar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL