Hopp til innhold

Lite konsumbær i butikkane

Temperaturar over tretti grader og mykje regn gir lite Valldal-bær i butikkane. – Berre ein fase, seier dagleg leiar i Valldal Grønt.

Jordbær

Den enorme sommarvarmen slår negativt ut for Valldal-bæra.

Foto: Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

Harald Valle

Ingen grunn til panikk sjølv om det er lite konsumbær nett no, seier leiar i Valldal Grønt, Harald Valle.

Fleire butikkar opplever at det er lite Valldalbær å oppdrive for augeblikket. Hovudårsaka er den enorme varmen kombinert med mykje nedbør. Det gjer at kvaliteten blir for dårleg til å selje jordbæra som konsumbær.

Dagleg leiar i Valldal Grønt, Harald Valle, seier at det no blir plukka mykje men at det går til industri sidan kvaliteten er for dårleg til å selje.

– Men det er enno lenge igjen av sesongen, så det er på ingen måte sagt at det blir ein dårleg sesong sjølv om vi har litt mindre konsumbær akkurat no.

For varmt for fort

Jan Ole Fuglem, produsent/styreleiar Valldal Grønt

Jan Ole Fuglem ser ein lågare produksjon enn forventa på sine jordbæråkrar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Jordbærprodusent Jan Ole Fuglem, er ein av dei største i Valldal. Han sjølv er usikker på korleis sesongen blir.

Tropevarmen som resten av landet frydar seg over er ifølgje han slett ikkje ideell jordbærtemperatur. Den har det nemleg best når det er rundt 18 grader.

– Når det blir så varmt som det har vore i sommar blir bæra moden altfor fort. Den blir ikkje stor nok og produksjonen blir ikkje optimal.

Fuglem seier forventningane til årets avlingar allereie var noko lågare etter ein knallhard vinter i fjor.

Aksel Døving jodbærkonsulent i Valldal

Aksel Døving er jordbærkonsulent, og driv litt med dyrking sjølv.

Foto: Privat

– Dei nye felta som kom på plass etter dei som blei øydelagde i vinter produserer mindre, så vi hadde rekna med ein del lågare produksjon dei neste par åra. Men med den varmen som har vore no, har vi fått endå mindre konsumbær enn forventa.

Treng god balanse

Jordbærkonsulent Aksel Døving er med på at mykje varme over lang tid kan ha uheldig effekt på jordbæravlingane. Bæra blir små og plantene kan bli hemma, noko som igjen påverkar produksjonen.

– Så det er bra det no kjem mykje regn. Berre det ikkje kjem for mykje, for då kan bæra bli blaut og då held ho seg ikkje so lenge.