NRK Meny
Normal

Lite jazz-bråk

Politimeisteren i Nordmøre og Romsdal, Arnstein Nilsen meiner årets Moldejazz har vore den roligaste nokon sinne.

Politimeisteren i Nordmøre og Romsdal, Arnstein Nilsen.
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Så langt har det vore lite av både vold, skadeverk og tjuveri under årets jazz-festival i Molde. Med tanke på den folkemengda som har haldt til i sentrumsgatene I Molde denne veka, hadde politimesteren venta seg meir bråk.

- Vi hadde venta mykje meir kriminalitet, særleg vald og kanskje skadeverk. Men det har vi ikkje fått, så det er grunn til å gi publikum all mogleg ros for framferda så langt under festivalen, seier politimeisteren.

Men trass i at dei aller fleste har oppført seg bra, er det framleis ein god del ungdom som festar litt for hardt. Fleire personar har hamna i fyllearresten, og andre har blitt køyrt heim. Nilsen meiner ikkje det har vore noko stort problem, og trur godt førebyggjande arbeid kan vere ein av grunnane til at årets festival har gått så bra.

- Vi har ikkje hatt noko grove valdsepisodar, og kanskje det skuldast at vi har følgt opp dei vi veit utøvar vald. Ved det minste teikn til aggressivitet har vi sendt dei heim, seier Nilsen.