Hopp til innhold

Lite branntilløp i båt

Det har vore eit lite branntilløp i ein båt i Kristiansund. Det skal vere ein del røyk frå motorrommet, men det har ikkje blitt sett opne flammar. Båten ligg no til kai og mannskapet på fem er ute av båten. Ingen skal ha blitt skadd. Det opplyser politiet. Naudetatane er på staden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL