Hopp til innhold

Listhaug: – Slitsamt å alltid bli tolka i verste meining

ÅLESUND (NRK): Framstegspartiet sin førstekandidat i Møre og Romsdal, Sylvi Listhaug hevdar ho i stor grad blir feiltolka. Ho meiner ho har opplevd skitkasting som ho godt kunne vere forutan.

Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug under valsendinga i Møre og Romsdal.

Foto: NRK

Mange karakteriserer Sylvi Listhaug som ein politikar som ein enten elskar eller hatar. Og politikaren frå Ørskog tykkjer at det er heilt greitt. Ho meiner det er viktig å vere ein tydeleg politikar.

– Men det er klart at det er dumt når nokon mistolkar det eg seier med vilje. Nokre gjer det. Dei vrir og vender på det eg har sagt og tolkar det i verste meining. Eg skulle gjerne ha vore skittkastinga i denne valkampen forutan, seier Sylvi Listhaug.

Du kastar vel litt skit du også?

– Eg prøver å vere ryddig og sakleg og seie det eg meiner. Men eg ser at det ofte blir vridd og vendt på til det igjenkjennelege.

Nesten inne, nesten ute i Møre og Romsdal

Partiene som er nærmest å vinne eller tape en mandat

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

Inne

R

SV

AP

SP

MDG

KRF

V

H

FRP

Inne

Ute

R

SV

AP

SP

MDG

KRF

V

H

FRP

Ute

– Blir tolka i verste meining

Sylvi Listhaug seier at ho godt klarer å stå oppreist i stormen. Men ho legg til at ho godt kunne ønskje seg at det ho seier også kan tolkast i beste meining. Ifølgje henne sjølv er det som regel motsett.

– Det er litt slitsamt at nokre alltid skal tolke meg i verste meining. Og det er slitsamt at det skal vere veitt sett reglar for meg og eit anna sett for alle andre politikarar. Eg skulle ønskje at media begynte å likebehandle meg.

– Ein terrier

Sylvi Listhaug har tidlegare karakterisert seg sjølv som ein terrier. Bakgrunnen er at ho ikkje har så lett for å gje seg når ho vil ha resultat.

– Då gjev eg meg ikkje. Eg held gjerne på til «the bitter end» for å nå det eg har sett meg som mål.

– Viktige saker

Kritikarane til Sylvi Listhaug har kritisert henne for å spore av valkampen. Dette skjedde ikkje minst då ho reiste til Rinkeby i Sverige for å vise fram det ho kalla «svenske tilstandar».

– Eg har snakka om viktige saker i valkampen. Andre parti har vore opptekne av å kommentere person og kva som har vore sagt og ikkje sagt. Innvandring og integrering har vore ei svært viktig sak i denne valkampen., seier Sylvi Listhaug.

– God valkamp

Tidleg måndag kveld låg det an til at Framstegspartiet skulle gjere ein god valkamp. Alt tyda då på at det framleis skulle bli borgarleg fleirtal i Stortinget.

– Vi har gjort ein god valkamp. Vi har stått på som berre det. Mange har engasjert seg og stått på. Å ha framgang etter fire år i regjering er heilt fantastisk, seier Sylvi Listhaug.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL