Hopp til innhold

Listhaug og miljø var heite tema i skuledebatt

Skuledebattar har rykte på seg for å vere useriøse og prega av slag under beltestaden. Debatten på Fagerlia vidaregåande gjekk sivilisert for seg, men to tema sette fyr på diskusjonen.

Skuledebatt på Fagerlia videregående skole

Det var særleg klima og miljø og innvandring som skapte temperatur i debatten.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det var full sal under skuledebatten ved Fagerlia vidaregåande skole i Ålesund, ein skule som har over 800 elevar. Representantar frå 11 parti sat i panelet fredag for å svare på sitt syn på ulike tema. Det var særleg klima og miljø og integrering som skapte den største temperaturen i salen.

– Det er ein god ide å ikkje øydelegge jorda visst du vil vere glad og lykkeleg i framtida. Det er ein god ide å ikkje fylle atmosfæren med forureing, sa MDG sin Lage Nøst til applaus frå salen.

Grønt skifte

SV sin representant, Victor Starheim, sa at vi må ta det grøne skiftet no. Han meiner at det grøne skifte handlar om å investere i nye, grøne arbeidsplassar. Vindmøller, solcellepanel, jernbane og lyntog, som kan vere viktig erstatning for fly.

Venstres Jon Åge Andersen snakka om eit grønt skatteskifte, det skal bli dyrare å forureine og billegare å leve grønt. Andersen meiner at folk skal ynskje å køyre elbilar fordi det skal bli billegare og dermed lettare å velje.

– Dei skal ikkje køyre elbil fordi dei er superopptekne av miljøet, men fordi det er best, billegast og enklast, seier Andersen.

Skuledebatt på Fagerli vgs

Det var full sal under dagens skuledebatt i Fagerlia.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Frp er det beste miljøpartiet

Håkon Strand (Frp) meinte at Frp er det beste miljøpartiet av alle, og då braut dei andre paneldeltakarane og publikum i salen ut i latter.

– I motsetnad til å prate om miljø, så gjer vi noko med det, seier Strand. Han viste til at klimautsleppa går ned under dagens regjering. Frp vil heve vrakpanten, slik at det blir lettare å skrote den gamle bilen og kjøpe ein ny.

– Vi ynskjer fleire fjordkryssingar, som gjer at det vert kortare avstandar å reise og betre vegar slik at køane vert mindre, sa Strand. Innlegget hans fekk SV til å tenne på alle pluggar.

– Du burde skamme deg for å late som du er eit miljøparti, sa Starheim.

Skyts mot Listhaug

Då temaet innvandring vart diskutert, sende fleire av paneldeltakarane harde skyts mot innvandringsminister Sylvi Listhaug.

– Det første vi skal gjere er å kaste Frp ut av regjering. Vi skal gjere det stikk motsette av Frp. Er det ein ting eg er lei av er at vi har ein integreringsminister som snakkar om innvandrar som om dei er parasittar, sa Christian Eikeland (Rødt).

Håkon Strand svarte at han er dritlei av å høyre debatten om Sylvi Listhaug.

– Dersom du har ein slik fetisj på Sylvi Listhaug kan du bli med til Digerneset i morgon klokka 15 og prate med henne og konfrontere henne med dette sjølv, sa Strand til Rødt-politikaren.

Eva Kvalø (Ap) klarte heller ikkje unngå å prate om Listhaug.

– Det er på tide å kaste Listhaug ut av regjering. Eg blir faktisk flau over måten ho snakkar om menneske på, sa Kvalø.

Adriane K. Grønfur og Agan Noor

Adriane K. Grønfur og Agan Noor var nøgde etter debatten og følte at dei lærte mykje om skilnaden mellom dei ulike partia.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Morsom debatt

Adriane K. Grønfur og Agan Noor var to av elevane som sat i salen og fekk stille spørsmål til politikarane. Begge er opptekne av oljeboring i Lofoten. Dei var nøgd med debatten etterpå.

– Den var innhaldsrik, hadde bra poeng og var morsomme til tider, sa Grønfur

Noor forstod forskjellen mellom partia og det dei står for etter dagens debatt.

– Det gjer det lettare for meg å røyste, seier Noor. Måndag er det skuleval.

Skuledebatt frå Fagerlia VGS i Ålesund