Hopp til innhold

Hoem (29) er ny ordførar i Kristiansund

Arbeidarpartipolitikaren er tilbake frå permisjon og tar over rolla som ordførar etter Per Kristian Øyen.

Line Hoem

Line Hoem er frå og med i dag fungerande ordførar i Kristiansund. Ho har vore fungerande ordførar i byen tidlegare.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I mai blei det kjent at ordførar Per Kristian Øyen er bøtelagt for seksuelt krenkande åtferd mot ei kvinne. Øyen erkjente ikkje straffskuld, og ønskjer ikkje å kommentere saka.

Han opplyser til NRK at han er sjukemeld ut juli. Hoem har no fått beskjed om å vere fungerande ordførar fram til august.

Sidan mai har Kjell Neergaard vore ordførar, men no tar varaordførar Line Hoem over rolla etter å ha vore i svangerskapspermisjon. Ho er då den tredje ordføraren på tre månader i nordmørsbyen.

Forvirrande

Hoem er einig i at det kan vere forvirrande for folk å vite kven som styrar byen.

– Det er nok forvirrande, men vi må rette oss etter det veljarane har bestemt. Eg blei valt til varaordførar og då blir det riktig, seier ho.

Kjell Neergaard er Arbeidarpartiets ordførarkandidat til hausten og Hoem står på andreplass på lista. Ho håper at tida i ordførarstolen blir kort, fordi ho er framleis ung, og kunne tenkt seg å bygge meir erfaring før ho får ordførarkjeda.

– Eg håpar at Kjell Neergaard tar over til hausten. Og då blir det nok meir stabilt dei neste fire åra.