Line følte det var tryggare å føde i nabofylket

Då Line Fagermo Golmen skulle føde, valde ho bort sjukehuset i eige fylke og drog til Trøndelag i staden. – Ikkje ynskjeleg, svarar helseføretaket.

Line Fagermo Golmen med Alvin

Alvin blei fødd på St. Olavs hospital i Trondheim fordi mamma Line Fagermo Golmen meinte det var tryggare enn i Møre og Romsdal.

Foto: privat

Ein stor krabat er svolten heile tida. Alvin er seks veker og blei fødd på St. Olavs hospital i Trondheim i juli, 12 dagar over termin. Eigentleg skulle mamma Line Fagermo Golmen (35) ha reist til fødeavdelinga i Molde. Ho valde annleis.

– Eg såg Trondheim som eit betre og tryggare tilbod, seier Golmen.

Line Fagermo Golmen på fødeavdelinga

Alvin kom 12 dagar på overtid og var over fem kilo då han blei fødd.

Foto: privat

Stengt fødeavdeling

Tobarnsmora er busett på Tustna på Nordmøre og det er sjukehuset i Kristiansund som er hennar lokalsjukehus. Der fødde ho sitt første barn for halvanna år sidan.

Men fødeavdelinga i Kristiansund har vore midlertidig stengt sidan februar fordi det manglar jordmødrer og gynekologar der. Dermed skal alle med normale svangerskap føde i nabobyen Molde. Men det er fritt sjukehusval og dermed reiser nokre til nabofylket.

– Det er meir ressursar på St. Olavs med barnelege og barneavdeling. Det er innlysande av vi i distriktet reiser dit, seier Golmen.

Sjukehuset i Molde har ikkje barneavdeling. Uansett kva alternativ ho valde er reisevegen mellom to og tre timar.

Fødeavdelinga i Kristiansund har vore midlertidig stengt sidan februar. Fødande med normale svangerskap frå Møre og Romsdal skal føde i Molde, medan dei med risikosvangerskap blir sendt til Ålesund.

Ikkje ynskjeleg

Øyvind Bakke, administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal.

Administrerande direktør, Øyvind Bakke, seier at fødetilbodet i Nordmøre og Romsdal er trygt, med gode følgeteneste for kvinnene lengst nord.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tal frå Helse Møre og Romsdal viser at 25 prosent av kvinnene som var meldt inn til fødsel ved sjukehuset i Molde i første halvdel av året, aldri fødde der.

Ifylgje Øyvind Bakke, administrerande direktør, har dei fleste av kvinnene fødd ved sjukehuset i Ålesund, fordi dei har risiko for komplikasjonar. Resten har reist til nabofylket.

– At det er ein liten auke i kvinner som føder på St. Olavs er ikkje overraskande, men det er ikkje ynskjeleg, seier Bakke. Han vil at helseføretaket skal ta hand om innbyggjarane sjølv.

Han meiner at kvinnene på Nordmøre og Romsdal har eit trygt fødetilbod, men at det i debatten om sjukehus kan danne seg eit inntrykk av utryggleik i fødselsomsorga.

Helseføretaket har hatt to alvorlege hendingar ved fødeavdelingane i Molde og Kristiansund.

– Ikkje mange

Ved St. Olavs hospital blir det fødd om lag 3700 barn i året. I første halvår i år kom det 70 kvinner frå Møre og Romsdal.

Plasstillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund, Nora Johanson Kolshus, seier at det generelt er eit høgt arbeidspress på fødeavdelinga.

– I travle periodar vil det kunne bli ei ekstra belastning dersom kvinner som i utgangspunktet skal føde ved andre helseføretak, heller vel å komme til oss, seier Kolshus.

Klinikksjef ved Kvinneklinikken, Tone Shetelig Løvvik, har ikkje inntrykk av at det er mange frå Møre og Romsdal som søker seg til St. Olavs hospital. Ein del av kvinnene bur så nærme fylkesgrensa at dei uansett skal til Trondheim. Nokre blir tilvist fordi dei har spesielle grunnar til å føde ved eit universitetssjukehus.

– Tala varierer frå månad til månad, så det er vanskeleg å sjå ein trend, seier Løvvik.

Elisabeth Jørgenvåg er jordmor på ytre Nordmøre

Elisabeth Jørgenvåg er jordmor i Aure.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Ingen protest

Jordmor Elisabeth Jørgenvåg i Aure veit om fleire som har valt å dra over fylkesgrensa. Ho trur det slett ikkje er ein protest mot helseføretaket fordi dei stengde fødeavdelinga i Kristiansund. Ho trur grunnen er at det både er mest praktisk å dra til Trondheim, der ein slepp ferje og ambulansebåt. For enkelte kjennest det også tryggare ut at St. Olavs har barneavdeling.

– Mange har sagt at sidan det ikkje er barneavdeling i Molde, vel dei heller St. Olavs som har alt, seier Jørgenvåg. Skulle det skje noko slik at det er behov for barnelege, blir dei som føder i Molde sendt vidare til Ålesund. Dermed er dei som bur lengst nord i fylket 4–5 timar unna heimstaden.

Baby på fem kilo

På Tustna er Line fornøgd med valet ho tok i sommar. Ho var lenge i tvil om kva ho skulle gjere og bestemte seg berre ei veke før termin. På St. Olavs blei fødselen igangsett, og sjølv om Alvin var over fem kilo då han var fødd, gjekk det problemfritt. Ho håper fødeavdelinga i Kristiansund snart opnar, slik at andre gravide på Nordmøre slepp å bruke energien på planlegging av fødselen.

– Aller helst skulle vi ha spart oss å bli sett i den situasjonen.

Når fødeavdelingen legges ned i Kristiansund, brer sinnet seg blant gravide. Reiseveien er over fire timer. Rekker de frem i tide?

Når fødeavdelinga leggjast ned i Kristiansund, brer sinnet seg blant gravide. Reisevegen er over fire timar. Rekker de fram i tide?