NRK Meny
Normal

– Eg gler meg. Det blir veldig kjekt

Pål Kristian Lindseth frå Ålesund blir ny programleiar i Norge Rundt.

Pål Kristian Lindseth

Pål Kristian Lindseth har jobba i NRK Møre og Romsdal sidan 2003. No skal han vere programleiar i Noreg Rundt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Pål Kristian Lindseth har jobba med både radio og tv i NRK Møre og Romsdal sidan 2003, og har no fått det ærefulle oppdraget av å halde norske tv-sjåarar med selskap på fredagskveldane framover.

Han startar i oppgåva i april, noko som inneber at han får base i Bergen til september.

– Eg svevar framleis litt høgt. Eg har utruleg mange flinke kollegaer her i NRK Møre og Romsdal så det kom som ei overrasking når eg fekk telefonen i dag. Men eg blei veldig glad og eg gler meg, seier Lindseth.

Norge Rundt fyller 40 år

NRKs distriktskontor bytter på å ha programleiaren i Norge Rundt, og når tida var inne for å finne ein programleiar frå Møre og Romsdal var det til slutt Lindseth den som blei valt ut etter ein audition.

Pål Kristian Lindseth

Pål Kristian Lindseth er kjent som programleiar både på tv og radio.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

I kvar episode kan sjåarane sjå saker frå heile landet, der det heile blir knytt saman av ein programleiar. Programmet har gått på NRK sidan 2. oktober 1976 og samlar tusenvis av sjåarar framfor tv-skjermen kvar fredag kveld. I år fyller det populære programmet 40 år.

– Det er ekstra kjekt at eg skal få leie programmet i dette jubileumsåret. Norge Rundt er eit kjempegøy program og ikkje minst eit populært program som eg sjølv har sett på i mange år, seier Lindseth.

Han ser fram til å starte på programleiarjobben i Bergen.

– Eg har ikkje fått tid til å klekke ut nokon idear enno, eg er framleis i sjokk, men eg trur det blir veldig kjekt, seier Lindseth.

– Mykje av programmet blir spelt inn i Bergen, men så har vi nokre veker der vi besøker andre stadar i landet. Då har eg blitt lovd at vi kan ta turen til Møre og Romsdal. Det er jo Noregs flottaste fylke, så vi skal finne på noko kjekt herifrå, held han fram.

Sjå videoen: Her øver Pål Kristian Lindseth seg på jobben som programleiar i Norge Rundt. Frå og med april blir han å sjå på tvskjermen kvar fredag kveld.

Pål Kristian Lindseth frå Ålesund blir ny programleiar i Norge Rundt