NRK Meny
Normal

Lindegaard til Celtic?

Den skotske klubben Celtic er på jakt etter Aalesund-keeper Anders Lindegaard.

Anders Lindegaard
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

- Det er fleire engelske klubbar, som har uttrykt interesse for Anders. Men det er også klubbar utanfor England. Blant anna ein skotsk storklubb. Og så vidt eg veit, er der berre to skotske storklubbar, Rangers og Celtic, seier Henrik Hoff til den danske nettstaden tipsbladet.dk.

Tidlegare i sommar vart det kjent at Machester United jakta på keepertalentet.

Les:

Lindegaard har tidlegare sagt til NRK at han drøymer om det danske landslaget, men har førebels ikkje fått prøvd seg der. Dermed kan det sjå ut som at Manchester United og no også Celtic følgjer han tettare enn landslagstrenaren.

Les:

Kan bli seld

- Som sagt er interessa for Anders svært stor. Men kor langt vi er inne i forhandlingane, kan eg ikkje seie noko om. Han kan bli seld i dette overgangsvindauget, men det kan også vere at det ikkje skjer. For vi er ikkje avhengige av å selje han. Dessuten er Anders ein så god keeper, at han berre blir betre og betre. Så der vil vere minst like stort salspotensiale i han neste år, forklarer Henrik Hoff til tipsbladet.dk.