Likestillingspris til Gudny

Ordførar i Ørsta, Gudny Fagerhol, er tildelt Møre og Romsdal Fylke sin likestillingspris for 2009.

Gudny Fagerhol etter dødsulykka i Eiksundtunnelen
Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Fagerhol har i mange år vore svært aktiv i likestillingsarbeidet.

Det vert lagt særleg vekt på innsatsen ho har gjort for folk med funksjonshemming.

Gudny Fagerhol er ordførar i Ørsta og representerte i mange år Arbeidarpartiet i fylkestinget i Møre og Romsdal.