Hopp til innhold

Likbilde på Facebook varsla familien om at broren var død

Blodige bilde på Facebook var måten familien i Noreg fekk beskjed om at 43-åringen var død. Dei meiner det var ein grotesk måte å få dødsbodskapen.

Skjermdump frå Facebook

Det var desse bilda som varsla familien om at 43-åringen var død i ei scooterulykke i Thailand. NRK har sladda deler av bilda. For dei næraste var det ikkje vanskeleg å kjenne igjen kroppen og ansiktet til den omkomne mannen.

Foto: Skjermdump - sladda av NRK

Familien i Noreg fekk sjokk då dei opna Facebook skjærtorsdag. For då den eine etter den andre gjekk inn på nettet, fekk dei sjokk. Der låg nemleg fleire blodige bilde av yngsteguten i familien, liggande på bakken med ein smadra scooter delvis over seg. Han var død etter ei motorsykkelulykke i Thailand.

– Det er heilt tragisk, det er jo verst for mor, seier Kurt-Ove Storvik frå Ørlandet i Sør-Trøndelag.

Kurt-Ove Storvik

Kurt-Ove Storvik seier det var verst for mora å få beskjeden på Facebook om at yngstesonen i Thailand var omkomen.

Foto: privat

Kort tid etter at han hadde sett bilda ringde han til den norske ambassaden i Bangkok i Thailand. Dei kunne stadfeste at 43-åringen var død.

Les også:

Venndøl (43) omkom i skuterulykke

Forsøkte å skåne sønene

43-åringen var natt til skjærtorsdag på veg til butikken på scooter, då ulykka skjedde. Han var opphavleg frå Eide/Vestnes i Møre og Romsdal, budde no i Vennesla i Vest-Agder, og var ofte på lengre helseopphald i Thailand.

Før det hadde gått to timar, låg det bilde både av den smadra sykkelen og nærbilde av mannen, under teksten "Rest in peace". For dei næraste var det ikkje vanskeleg å kjenne igjen han som var omkomen.

Dermed starta arbeidet med å prøve å få tak i dei to sønene til broren på 17 og 20 år, for å varsle dei før dei fekk sett kva som sto på Facebook. Dei blei for seine.

– Det er heilt forferdeleg for dei, seier han.

Les også:

Kjærasten ville varsle familien

Ellen-Synnøve Storvik

Ellen-Synnøve Storvik trur kulturforskjellar er ei av årsakene til at bilda av den omkomne broren blei publisert på Facebook rett etter dødsulykka.

Foto: privat

I ettertid viser det seg at det var den thailandske kjærasten til 43-åringen som la ut bilda på Facebook-profilen hans. Ho har via tolk forklart at ho blei kontakta og reiste til politistasjonen for å identifisere han. Ho avfotograferte bilda som politiet hadde tatt på staden, og det var desse ho umiddelbart la ut på nettet.

– Du forstår ikkje at det er mogleg å legge ut slike bilde. Spesielt vi som bur her i Noreg, som har eit anna syn på det å publisere bilde av døde menneske, det gjer vi ikkje, seier systera Ellen-Synnøve Storvik.

Ho strekar under at kjærasten ønskte å informere familien raskt og snakkar dårleg engelsk. I mange land er det også ein heilt annan kultur for å publisere bilde av døde menneske.

Får ikkje bilda vekk frå netthinna

Ellen-Synnøve Storvik seier at det familien har opplevd er heilt grotesk, og meiner alle kan lære noko av det som har skjedd. Ho syns for mange deler for mykje ukritisk i sosiale medium, og oppmodar folk til å aldri å legge ut bilde av andre utan å spørje. Sjølv seier ho det er vanskeleg å gløyme dei siste bilda av broren.

– Dei er på netthinna altså, og det vil dei sikkert vere lenge. Sjølv om du har mange minne om og bilde av han, som er positive, så blir den måten å få ein dødsbodskap på, så sterkt, at det sit på netthinna, seier ho.