Hopp til innhold

Rykte ut til liggeunderlag i havsnaud

Det vart slått full alarm då det kom melding om ein båt som sokk utanfor Kristiansund onsdag.

Liggeunderlag i havsnaud

Det er ikkje kvar dag dei kan rulle havaristen saman og bere han heim.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi fekk melding klokka 14.45 om at ein person hadde observert noko han oppfatta som ein liten båt, seier operasjonsleiar Odd Nygård ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Eit stort liggeunderlag

Ifølgje meldinga var båten i ferd med å søkke, ikkje langt frå Lillesanden i Kristiansund.

Naudetatane heiv seg raskt rundt. Lettbåten til redningsskøyte kom sjøvegen, medan politi, brannkorps og ambulanse rykka landvegen ut til Lillesanden.

– Det var brannfolka som først kom til staden. Dei fekk då oppdatert oss på at det ikkje var ein båt, men eit stort liggeunderlag som låg og flaut i vatnet, fortel Nygård.

Gir skryt til tipsar

Sjølv om det kosta tid og ressursar å rykke ut til det som viste seg å vere eit skarve liggeunderlag, vil operasjonsleiaren likevel gje skryt til personen som melde ifrå.

– Dette er ikkje eit vanleg liggeunderlag. Det er 2 x 3 meter stort og på måten det låg i vatnet kunne ein etter vår vurdering sjå feil på avstand.

Fordi det ikkje er eit oppblåsbart liggeunderlag med flyteevne, har politiet konkludert med at det ikkje har vore personar ute i vatnet med det.

– Det har truleg floge av eit rekkverk med vinden eller noko, trur operasjonsleiaren.

Vart henta i land

– Kva gjer de med liggeunderlaget no?

– Det har brannkorpset teke ut av vatnet slik at det same ikkje skjer igjen, seier Nygård.

Til informasjon: Det tok 16 minutt frå den søkkande havaristen vart observert til liggeunderlaget vart nappa ut av vatnet av brannkorpset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL