Hopp til innhold

Til Moskva med norske vakuumtoalett

Går du på eit offentleg toalett i Moskva i framtida, kan det godt hende at du set deg på eit norsk produkt. Bedrifta Jets skal levere 400 mobile vakuumtoalett til Moskva by.

Jets

Bygningane kring toaletta skal lagast i Serbia. Her går serbiske arbeidarar ei innføring i korleis dei norske vakuumtoaletta fungerer.

Foto: Jets

Jan Kenneth Steinsåker

Jan Kenneth Steinsåker er informasjonsansvarleg i Jets.

Foto: Jets

Bedrifta Jets held til i Hareid i Møre og Romsdal. Eventyret byrja med produksjon av vakuumtoalett til skip. Men med stadig strengar krav til minimal bruk av vatn, har vakuumtoaletta også gjort sitt inntog i bygningar på land. Blant anna er ein VM-stadion i Brasil-byen Fortaleza utrusta med toalett frå Hareid.

– Eit gjennombrot

No står Moskva for tur. Kontrakten med Euromodul er på 8 millionar kroner, og er den største ordren av sitt slag for bedrifta.

Dette er eit gjennombrot for mobile toilettløysingar i Aust-Europa, seier informasjonsleiar i Jets, Jan Kenneth Steinsåker til NRK.

Jets har hatt ein eksisterande marknad på dette området i Vest-Europa. Der har veksten vore ekstra stor når det gjeld festivaltoilett. No ser dei for seg at Aust-Europa skal bli ein stor marknad.

På Hareid på Sunnmøre arbeider om lag 100 tilsette med produksjon av vakuumtoalett. I samband med denne kontrakten skal sjølve toilettløysinga lagast på Hareid, medan bygningane rundt toaletta skal lagast i Serbia.

– Ein stor marknad

Jets omset toalett for 300 millionar kroner kvart år. Og ordren med Moskva by er svært viktig for bedrifta.

Det vil vere svært flott om det kjem fleire ordrar med Moskva. Den austeuropeiske marknaden er slett ikkje liten. Byane er store og mange, seier Steinsåker.

Jets

Kontrakten er underskriven. Her poserer Frode Bakke (nr 2 frå venstre) og Emil Arne Kleppe (lengst til høgre) frå Jets. Dei signerte avtalen med Euromodul i Serbia. Her er dei saman med direktør og produksjonsleiar hos Euromodul.

Foto: Jets

– Oppgradering for OL

Jets har hatt store leveransar til Brasil i samband med anlegga til neste sommar OL og fotball-VM. Og kontrakten med Moskva har samanheng med satsinga på det komande vinter-OL i Sochi.

Der går føre seg ei oppgradering av toilettforholda i samband med OL i Sochi. Både toilettforholda og offentleg kommunikasjon skal opp på ein høgare standard i samband med OL, seier Steinsåker.