Hopp til innhold

Har du høyrt songen om Frank som er død?

– Eg er hovudsakleg rockestjerne, så lærar, smiler Andrea Vik Andersdatter i gruppa «Folk for Forest».

Andrea Vik Andersdatter og Helle Fladset Karsdottir, Stian Aune

Sjå konsert med «Folk for Forest» her.

Andrea Vik Andersdatter

Andrea Vik Andersdatter spelar trommer i bandet «Folk for Forest».

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK
Helle Karsdottir

Helle Fladset Karsdottir skriv alle tekstane og melodiane.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Tysdag spelte tremannsgruppa «Folk for Forest» frå Kristiansund live hos NRK i Ålesund. Gruppa bydde på eit spennande sett med songar om alt frå å bevare skog og redde orangutangar, til ein song om Frank som er død.

– Men det gjer ingenting for han var ein drittsekk, seier vokalist Helle Fladset Karsdottir.

Svaret på kvifor han var ein drittsekk forklarar ho i songen. I tillegg hadde sjølvsagt bandet også ein obligatorisk song om kjærleik.

– Denne handlar om at den store kjærleiken døyr, og at eg drikk meg ihjel, seier vokalist Helle Fladset Karsdottir.

Først rockestjerne, så lærar

Dei to damene i gruppa, Andrea Vik Andersdatter og Helle Fladset Karsdottir, har spelt i lag i 10 år, men det var først i januar i fjor gruppa «Folk for Forest» blei til. Då fann damene ut at dei trengde ein bassist og fekk Stian Aune med på laget.

Karsdottir bur i Bergen, men alle tre er frå Kristiansund. Andersdatter jobbar til dagleg som lærar på ein barneskule.

– Men elevane veit at eg hovudsakleg er rockestjerne, og så lærar som nummer to, seier ho lurt.

Også Karsdottir har planar om å bli lærar. Ho går på lærarhøgskulen i Bergen, medan Aune er lydmann.

– Det er med andre ord ikkje så ofte eg står på scena, eg er mest ved sida av, seier han.

– Folkeleg speleglede

Det er Karsdottir som skriv tekstane og melodiane, medan Andersdatter og Aune er med på å arrangere musikken på øvingane.

– Eg vil vel kalle musikken folkeleg, seier ho.

Karsdottir får inspirasjon frå fjell og sjø. Derfor tok dei også namnet «Folk for Forest.»

– Og livet generelt sjølvsagt, seier ho.

– Ein dose galskap

Pål Kristian Lindseth i NRK Møre og Romsdal seier det var lett å velje Kristiansund-gruppa til lunsjkonsert.

– Dette bandet fall vi for med ein gong. Her er det speleglede, ein dose galskap – og engasjement. Dette er ikkje A4, men alt treng heller ikkje å vere det, seier Lindseth.

Sjekk dei ut: Her finn du Folk for Forest på Soundcloud, NRK Urørt og Facebook.

Rockestjernedraumen er ikkje død

Stian Aune, Andrea Vik Andersdatter og Helle Fladset Karsdottir

Helle Fladset Karsdottir, Andrea Vik Andersdatter og Stian Aune på scena.

Foto: Odd Inge Teige

– Det er litt skummelt å spele live, men det skjerpar berre, seier Andersdatter.

Opptreden hos NRK gjer at dei er eit steg nærare rockestjernedraumen.

– Håpet lever vel enno, smiler ho.

I morgon skal dei i studio og spele inn litt av musikken sin, og kanskje skal vi få sjå meir av Kristiansund-bandet i tida framover.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL