NRK Meny
Normal

Lettmotorsyklist køyrde inn i bil

Kviltorp, Molde: Naudetatane rykte ut då ein 16 år gamal gut køyrde inn i ein bil bakfrå med lettmotorsykkel laurdag kveld.

Laster kart, vennligst vent...

Bilen, som var køyrd av ein mann i 70-åra, skulle ta av ned til Kviltorp Camping i Molde då påkøyringa skjedde.

– Føraren av lettmotorsykkelen er bevisst og er no frakta til legevakta for ein sjekk. Han verkar til å vere uskadd. Det seier Siri Engdal som er operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Naudetatane har no forlate staden og trafikken flyt fint i området.