NRK Meny

Lettere skadd etter kollisjon

Politiet melder om lettare personskade etter trafikkulykka på Flisneset i Ålesund. Ulukka skjedde i eit vegkryss ved eit bustadfelt mellom ein moped og ein personbil. Mopedføraren i tenåra er sendt til legevakt i ambulanse. Saka blir etterforska.