NRK Meny
Normal

Lettare skydekke og litt mindre regn - men ikkje før onsdag

Våte dropar i form av regn og gråe dottar i form av skodde pregar det meste av fylket i starten av veka.

Skodda ligg langt ned i fjella ved rasstaden i Tingvoll

Skodde var det første mange såg då dei kika ut glaset i dag tidleg.

Foto: Tommy Rustad

Gårsdagen avslutta like eins, etter betre ver tidlegare på dag.

– Det er nok litt slik vertypen har vore i det siste, fastslår statsmeteorolog Haldis Berge. Det har vore ustabilt ver med ettermiddagsbyer, og den nære framtid blir like eins.

Haldis Berge, statsmeteorolog

Statsmeteorolog Haldis Berge gir oss eit lite håp om litt lettare ver onsdag.

Foto: Marit Hommedal

Grått og trist har det starta i dag, og det blir stikkorda for resten av dagen og også i morgon. Temperaturen er heller ikkje mykje å skryte av, mellom 15 og 17 grader dei fleste stader.

– Eit lågtrykk er på veg innover Sør-Noreg, og det blir liggande nokre dagar. I dag blir det ein skikkeleg gråvêrsdag, med regn eller regnbyer. Men så er det lite vind, skiftande bris.

Berge fortel at morgondagen startar like eins med lite vind, skya og noko regn.

– Det kan sjå ut som onsdag blir litt betre. Då går det over til nordavind og skiftande skydekke. Det blir nokre byer då også, men minkande ut over dagen. Kanskje blir det også glimt av sol, antydar statsmeteorologen.