Hopp til innhold

Slapp unna med berre lettare skader

Sjåføren er sendt til legevakta etter at vogntoget velta i Innfjorden i Rauma.

Vogntog velta i Innfjorden

Det er usikkert kva som er grunnen til at vogntoget velta.

Foto: Ine Kristin Engbakken

Det var like etter klokka 16 at politiet fekk melding om vogntoget som velta på E136 ved Bogen i Innfjorden. Sjåføren kom frå ulykka med lettare skader og er sendt til lege. Køyretøyet ligg delvis i vegbanen og politiet dirigerer trafikken.

– Vi veit ikkje kva som er årsaka til ulykka, seier Marita Biesmans. Ho er operasjonsleiar ved politiet i Møre og Romsdal.

Det er venta at bergingsbilen kjem i 18-tida. Fram til det vert det dirigering av trafikken.