Hopp til innhold

Lettare skadd etter trafikkuhell

Tre personar vart lettare skadd etter ein påkøyrsel bakfrå ved Nordsundbrua i Kristiansund. Operasjonsleiar ved Nordmøre politidistrikt seier at dette er einaste vegen inn til byen, og difor blir køane lange. Politiet har dirigert trafikken manuelt, men staden er ikkje ferdig rydda enno. – Brannvesenet ryddar det siste no, og skal òg strø ut bark slik at olja blir absorbert. Det kan fort bli glatt for motorsyklistar, seier operasjonsleiaren.