NRK Meny
Normal

Lettare med avløysing for bøndene

Det ser lyst ut for ferielystne bønder i Møre og Romsdal. Stadig fleire unge ønskjer å vere avløysar, og bøndene sjølve blir stadig flinkare til å danne avløysarringar.

Bonde i arbeid.

Bøndene i Møre og Romsdal får stadig fleire avløysarar om somrane.

Foto: Åserud, Lise / Åserud, Lise

For bøndene har det no blitt lettare å få avløysing slik at også dei kan ta ferie og fridagar. Det opplyser organisasjonen Landbruk Nordvest som organiserer avløysing for 1500 bønder i Møre og Romsdal.

Fleire vil vere avløysar

Avdelingsleiar i Landbruk Nordvest, Selma Cowan, seier stadig fleire unge ønskjer å vere avløysarar. Samstundes er det god tilgang på utanlandsk arbeidskraft.

– Det har gått veldig bra i det siste.Vi har kontoret ope heile sommaren og jobbar veldig hardt med å hjelpe alle som vender seg til oss.

Går saman om avløysar

Bøndene sjølve har også blitt flinkare til å danne avløysarringar, seier Cowan.

Det inneber at dei går saman og får tilsett ein avløysar på fulltid. Han eller ho løyser så inn etter tur for kvar av bøndene i ringen.

– Dess fleire som ønskjer avløysar, dess betre for avløysaren som jo vil ha fulltidsjobb. Så begge partar vinn på å ha avløysarringar, seier Cowan.

Færre, men større

Talet på gardsbruk i Møre og Romsdal har gått kraftig tilbake dei siste åra, men dette har ikkje gått utover behovet for avløysing, erfarer landbruk Nordvest.

– Fleire har slutta, men fleire har og blitt større. Dei leier jord, bygger større fjøs og har stort behov for arbeidskraft. Så det er framleis behov for avløysarar, sjølv om det er få små bedrifter att.

Kuer i fjøs

Kyrne treng stell - også i feriane.

Foto: Odd Skjerdal/NRK