Hopp til innhold

Lettare å ta førarkortet frå sjuke

Sjukdom og alderdom kan gjere den dyktigaste bilisten til ein livsfarleg trafikant. Før måtte det eit omfattande byråkrati til for å få desse ut av trafikken. Ei prøveordning gjer dette mykje enklare.

gammel sjåfør

Sjukdom og alderdom kan svekke evna til å vere bilist. Illustrasjonsfoto.

Foto: Scanpix

Før var det Fylkesmannen som måtte sende folk til testing, når det var mistanke om ein bilist var ueigna i trafikken. I Møre og Romsdal har vegvesenet innført ei prøveordning der fastlegane kan henvise til test direkte.

– Dette har vore eit vellukka tiltak, seier assisterande fylkeslege Cato Innerdal.

Sender dei direkte til test

I august 2010 hadde Fylkesmannen i Møre og Romsdal, politiet, Fylkeslegen og Vegvesenet eit samarbeidsmøte. Her blei det lagt ein plan for korleis etatane kunne bidra til å kvalitetssikre bilistar som legane var usikre på om dei fylte helsekrava.

Møtet konkluderte med at slike bilistar skulle sendast til test hos vegvesenet, i tillegg til ei klinisk undersøking hos legen, utan noka formell behandling hos Fylkesmannen.

– Burde ikkje hatt førarkort

Mange oppfører seg farleg i trafikken. Nokre gjer det rett og slett fordi dei ikkje har god nok helse til å vere sjåførar. Det er ofte vanskeleg å oppdage desse på ein slik måte at dei kan bli plukka ut av trafikken.

– Det er mange som har førarkort og som ikkje burde ha hatt det. Det viser tal frå vår ulukkesanalysegruppe også, seier Odd Egil Brandstad i Statens vegvesen.

– Fleire blir testa

Til no i år har 30 bilistar vore inne til fornya førarprøve. Det er 10 fleire enn i heile fjor.

– Tidlegare var det slik at henvisninga måtte innom Fylkesmannen for vurdering. I praksis førte dette til at denne muligheita ikkje blei benytta så ofte som ønskjeleg, seier Innerdal.

No blir det lettare å finne ut om tvilstilfella er eigna i trafikken eller ikkje. Og det blir ikkje berre ein test inne hjå legen. Dei sjuke bilførarane blir også sende til test hos vegvesenet.

– I vår testmetode set vi føraren i ein bil, let han køyre og vi testar han opp mot dagens trafikk. Dette er den beste måten å vurdere førarane på, seier Odd Egil Brandstad i Statens vegvesen.

Sterkare samarbeid

Ein tredel av dei som blei testa mista førarkortet. No går det mot eit nært samarbeid mellom helsevesenetet, vegvesenet og politiet i slike saker.

– Ei ulukkesanalysegruppe anbefalar helsestyresmaktene, politiet og Statens vegvesen om å bli strengare med tanke på kven som skal ha førarkort, seier kontorsjef Odd Egil Brandstad i Statens vegvesen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL