Hopp til innhold

Letta over at kommunen godtek erstatning for mobbing

Familien reagerer med glede og stor lette over at kommunen ikkje ankar dommen frå Romsdal tingrett, seier advokaten til romsdalskvinna og familien hennar.

Romsdal Tingrett sal 1

Romsdalkommunen ankar ikkje dommen i Romsdal tingrett om at kvinna skal få ei erstatning på 2,7 millionar kroner.

Foto: Roar Jonny Strom

Ei kvinne som gjekk til sak mot kommunen for at ho blei mobba gjennom fleire år på skulen, får 2,7 millionar kroner i erstatning frå romsdalskommunen.

Kan vere rekorderstatning

Advokat Arvid Kjærvik hos Sørlandsadvokatene peikar på at saka har vore tung for heile familien.

– Det har vore ei svært stor belastning å gå gjennom tingretten med denne saka, så det er heilt klart stor lette, seier han.

Advokat Arvid Kjærvik

Advokat Arvid Kjærvik hos Sørlandsadvokatene har representert kvinna og familien i mobbesaka.

Foto: Rebecca Trondsen / NRK

Kvinna som no er 75 prosent ufør, og blei altså sjuk etter all mobbinga ho har vore gjennom under skulegangen.

Erstatningssummen kommunen no må ut med, kan vere den største i sitt slag her i landet.

– Sjølv er eg ikkje kjent med at det har blitt utbetalt så høg erstatning i tilsvarande saker her i Noreg, seier Arvid Kjærvik.

Erstatningsbeløpet er avhengig av kor stor den medisinske invaliditeten er, kommenterer han vidare.

Fornuftig vedtak

Sjølv meiner advokaten at det er fornuftig og riktig av kommunestyret å ikkje anke saka.

– Etter mi oppfatning er det no meir fornuftig å bruke pengane til opplæring av tilsette i kommunen som jobbar med barn og ungdom, enn å ta ein ny runde i lagmannsretten, seier Kjærvik.

Romsdal tingrett

Saka blei ført i Romsdal tingrett og dommen fall i byrjinga av juli.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Rettssaka har ifølgje advokaten, avdekt at tilsette i kommunen verkeleg har behov for oppgradering og auka kunnskap om barn og unge og korleis dei skal behandlast.

– Dommen viser at det er behov for slik kunnskap. Ikkje berre tilsette i denne kommunen har behov for meir kunnskap, men også andre som arbeider med barn og unge i svært mange andre kommunar også, meiner advokat Arvid Kjærvik.