Fotograf Per Jarle Heggdalsvik frå Otrøya i Misund har produsert naturvideoar i ei årrekke for programmet Ut i Naturen på NRK. I hans nyaste program har han derimot valt å gjere noko han aldri har gjort før. Der er det verken musikk eller prat, men berre naturen sine eigne lydar som er hovudpersonen gjennom heile episoden.
Per Jarle Heggdalsvik har gått tett på naturen for å få best mogleg lyd.
Foto: Bjørn Sylte– Eg har alltid vore opptatt av god lyd, og meiner det er viktig for å skape ei god kjensle og ei god oppleving, det er ikkje nok med berre gode bilete. Dette er ein lyttefilm, der naturen sine lydar som er i fokus, seier Heggdalsvik.
Programmet er ein siste del av «Ein naturleg heilaftan» som startar på NRK1 klokka 21.30 tysdag kveld. Lyden av natur kjem på skjermen klokka 22.30. Programskaparen håpar at sjåarane sitt att med ei god kjensle av filmen.
– Vi har aldri gjort noko slikt før, så eg er spent på reaksjonane. Folk skal kunne oppleve det som om dei var på ein tur ute i naturen, seier han.
Sjå promoen for lyden av natur. Alle slags naturlydar er med i episoden.
Naturen i fokus
I løpet av ein halvtime blir sjåarane tatt gjennom fleire sesongar, frå haust til vinter, og så vår. Det meste er filma på Nordmøre og i Romsdal, mellom anna i Rindal, Smøla, Molde, Fræna of Aukra.
Per Jarle Heggdalsvik let naturen tale for seg sjølv i programmet «Ein naturleg heilaftan».
Foto: Bjørn Sylte– Eg har ikkje reist så langt for det handlar om nær natur. Sjølv om det kan vere vanskeleg å finne nærområde der det er stille, så finn ein det ulike stadar og til ulike tider av døgnet, seier Heggdalsvik.
Og det er nettopp det med å finne desse stille naturområda som har vore det mest krevjande under filminga.
– Det kan vere vanskeleg å finne område der ein har såpass mykje avstand til menneskeleg støy at ein berre får naturleg lyd. Så det har blitt ein del vandring i naturen for å finne dei gode lydane og miljøa, seier Heggdalsvik.
Tysdagens program kan vere eit fint avbrekk i ei stressande førjulstid, trur Heggdalsvik.
– Eg håper at folk skrur opp lyden og tek det som ei lydoppleving. Eg håper at dei som ser på får ein god kjensle av filmen, og at dei kan sitte i godstolen og nyte stille og fredeleg natur.
Programmet kan du sjå tysdag kveld klokka 21.30: