Hopp til innhold

Les fem-seks bøker dagleg

Volda-student les fem seks romanar om dagen. No må han kvitte seg med den enorme haugen av bøker som har hopa seg opp.

Video Les 2000 bøker i året

Geir Hovind Frøysedal

Eigen bokbutikk i Volda

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK
Geir Hovind Frøysedal

Lesinga har tatt heilt av

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK
Geir Hovind Frøysedal

Geir tek med seg bøkene overalt

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK
Geir Hovind Frøysedal i butikken

Boksalet går unna

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK
Geir Hovind Frøysedal i biblioteket

Geir låner 80 bøker i slengen

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

For Geir Hovind Frøysedal har lesinga tatt heilt av. 23-åringen frå Stryn har vore nøydd til å kutte ut studia i Volda, for den siste tida har det handla om Bjørneboe, Hemingway og Dostojevski døgnet rundt.

- Eg har eit fanatisk forhold til litteratur. Det har balla på seg og det er sjeldan eg stoppar opp midt i ei bok. Har liksom trang til å lese ferdig ei bok når eg først har begynt på den.

Geir har tileigna seg ein leseteknikkk som gjer at han kan lese fem-seks bøker berre på ein dag. Siste nyttårsaft oppnådde han å ha lese to tusen bøker i løpet av året som gjekk.

Haugen Bok kun på nett

Nesbø gir vekk bokinnntekter

Eigen bokbutikk

Boksamlinga har blitt så stor at drastiske skritt må til. 23-åringen opnar ein bruktbokbutikk i Volda sentrum. Han skal kvitte seg med tusenvis av bøker som har blitt liggande.

I tillegg til eiga boksamling er han ein storbrukar av biblioteket. Der låner han gjenre åtti bøker i slengen.

Bøkene er, og kjem til å vere ein viktig del av livet for litteratur-entusiasten frå Stryn.

- Eg kjem til å leite etter nye bøker og vere på vakt for nye utgivelsar, men eg kjem ikkje til å ha noko mål om å lese to tusen bøker kvart år - det er ikkje reelt, seier Geir med eit lite smil.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL