Hopp til innhold

Endeleg fekk han sleppe til

For fjerde gong var han i ein A-landslagstropp. Og for aller første gong fekk han spele.

Leo Skiri Østigård

Etter 49 landskampar på aldersbestemte landslag fekk Leo Skiri Østigård endeleg debuten på A-landslaget.

Foto: Lise Åserud / NTB

Leo Skiri Østigård gjorde jobben sin då Noreg slo Slovakia 2–0 på Ullevaal fredag.

– Å halde nullen er min og vår jobb, og vi hadde fin kontroll. Eg er fornøgd med det, sa 22-åringen frå Åndalsnes på pressekonferansen etter sin første A-landskamp.

Utvist i Italia

Leo Skiri har spelt 49 kampar på aldersbestemte landslag. Fredag kom debuten på A-landslaget – ei veke etter at han vart utvist i ein Serie A-kamp for klubblaget Genoa i Italia.

Leo Skiri Østigård

Leo Østigård var fornøgd med at Noreg ikkje slapp inn mål i kampen mot Slovakia.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Leo gjorde ein godkjent debut. Vi visste at Slovakia ville spele ein del langt opp på den sterke spissen Ladislav Almasi. Både Leo og Andreas Hanche-Olsen kledde av han i periodar, sa Ståle Solbakken om Østigård-debuten.

Har lært mykje

– Vi har jobba bra på trening, og eg har lært mykje dei siste dagane, sa Østigård på pressekonferansen etter kampen.

Leo Skiri Østigård

Åndalsnesingen Leo Skiri Østigård har hard konkurranse om å få spele på midtstopparplassen på landslaget i tida framover.

Foto: Lise Åserud / NTB

Hard konkurranse om plassen

Tidlegare har 22-åringen vore uttatt til tre A-landskampar, men har då hamna på benken og på tribunen. Etter innsatsen mot Slovakia har han markert seg, men vil også oppleve sterk konkurranse om å få spele på midtstopparplassen.

– Eg er veldig imponert. Leo var verkeleg til stades og var roleg på ball, sa Sander Berge, som fekk gullklokke etter denne kampen for 25-landskampar.