Lensmann blir pensjonist

Lensmann Guttorm Hagen vert pensjonist etter meir enn 40 års teneste i politiet. Han starta som lensmannsbetjentaspirant ved lensmannskontoret i Rauma hausten 1979. I 1984 vart Hagen lensmannsbetjent i heimbygda Ørsta. I 2005 vart han tilsett som lensmann i Ørsta, og i 2013 tilsett som lensmann i Volda og Ørsta. Frå 2017 har Hagen vore lensmann i nyskapinga Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt, som i tillegg til Volda og Ørsta også femner om Stranda og Sykkylven.

Guttorm Hagen
Foto: Arne Flatin / NRK