NRK Meny
Normal

Lengre omsetningstid på bustader

Ikkje på fleire år har det tatt så lang tid å selje bustadar i Noreg som i dag. I Møre og Romsdal har omsetningstida på bustader auka med fleire prosent sidan i fjor

Boligsalg boligpris Drammen Buskerud

LENGRE OMSETNINGSTID: Det er fleire år sidan det har tatt så lang tid å selje bustader som gjer no.

Foto: Siw Slevigen / NRK

– Vi må tilbake til januar, februar 2010 for å finne så lang omsetningstid på bustader som det var i årsskiftet 2013/2014, seier professor Ola Honningdal Grytten, ved Noregs Handelshøgskule.

tid

OMSETNINGSTID: Tabellen viser ei oversikt over Møre og Romsdal.

Foto: Skjermdump finn.no

Tal frå finn.no frå dei fem fyrste månadane i år, syner at bustadar i Møre og Romsdal ligg ute til sal 22 prosent lenger enn samanlikna med same periode i fjor.

Totalt for Noreg er talet 22, 7 prosent. For dei tre største byane i fylket, Molde, Ålesund og Kristiansund er tala forholdsvis 17,7%, 33,6 % og 36,4%.

Fleire årsaker

Grytten peikar på marknadsendringar i Møre og Romsdal som ein av grunnane til at bustadar ligg lengre ute no enn tidlegare.

Ola Grytten

ÅRSAKER: Ola Honningdal Grytten peikar på fleire årsaker til aukinga.

Foto: NRK

– Møre og Romsdal har lenge hatt ei betre økonomisk utvikling enn resten av landet. No viser undersøkingar at fylket har ei meir gjennomsnittleg utvikling. Derfor blir arbeidsinnvandringa mindre, og presset mot bustadmarknaden svakare, seier Grytten.

I tillegg nemner han priskorreksjonen på bustadar, som oppstod utover sommaren og hausten 2013, som ein av dei andre årsakene til auka omsetningstid.

– Det er dyrt å kjøpe bustad i Noreg i dag. Det var nok mange som tenkte at bustadmarknaden var usikkert når prisane byrja å falle. Dei håpte nok å få ein betre pris enn tidlegare, seier Grytten.

– Når mange vel å «sitte på gjerdet» vil det naturlegvis ta lenger tid å selje ein bustad, held han fram.

Usikre kjøparar og høge prisar

Også meklarane hjå Krogsveen i Ålesund har merka denne utviklinga.

– Spesielt i løpet av første kvartal i år merka vi at bustadar låg lengre til ute sals. Dette talet har minka noko mot sommaren, men framleis ligg det mange bustadar ute til sal, seier dagleg leiar Halvard Aarseth.

Halvard Aarseth

AUKE: Halvard Aarseth hjå Krogsveen har merka ei auke i omsetningstida av bustader.

Foto: Svein Are Tollaas

Han trur mange kjøparar lét seg skremme av prisnedgangen i fjor haust.

– Eg trur mange blei påverka av nedgangen som ekspertane spådde i bustadmarknaden i fjor, noko som førte til ein nedgang i selde bustader, seier Aarseth.

Han trur kombinasjonen av usikre kjøparar og høge salsprisar bidrog til å skape eit misforhold i marknaden.

– Seljarane gjekk ikkje automatisk ned i pris av den grunn, og når det ikkje er samsvar mellom det kjøpar vil gi og seljar vil ha, så kan det ta lengre tid å selje bustader. I tillegg hadde kjøpar større utval å velje mellom, seier Aarseth.

Til trass for lengre omsetningstid trur Aarseth at auken er positiv for bustadmarknaden totalt.

– Utan slike korreksjonar ville bustadprisane berre vekse og vekse. Difor kan det vere bra å justere utviklinga med jamne mellomrom, seier Aarseth.

– No er desse tala på veg ned og eg trur marknaden vil stabilisere seg utover hausten, held han fram.

Stabile prisar

Men sjølv om omsetningstida ser ut til å vere høgare enn på lenge, held bustadprisane seg framleis sterke. Grytten peikar på ein sterk norsk økonomi som ein av hovudgrunnane til prisveksten.

– God økonomi skaper høg arbeidsinnvandring totalt, i tillegg har vi høg inntektsvekst, låg arbeidsløyse og lav rente, som fører til stor kjøpekraft blant nordmenn.

Og til trass for at det i dag tek lengre til å selje ein bustad enn tidlegare meiner Grytten at det i dag blir bygd for få bustader i Noreg.

– I dag byggast det like mange bustadar som det gjorde for 20–30 år sidan, sjølv om befolkningsveksten er mykje høgare no. Då blir det bustadmangel og prisane stig.

Men han ser ikkje vekk ifrå at også seljar og meklar kan bidra til å auke bustadprisane.

– Eg vil ikkje overdrive verknaden, men meklar jobbar for seljar som vil ha best mogleg pris, så det er klar at dei er interessert i å få opp prisen seier Grytten.

pris

PRIS: Tabellen viser ei oversikt over prisutviklinga i Møre og Romsdal dei siste åra.

Foto: Skjermdump finn.no