Hopp til innhold

Har ikkje gitt opp håpet om å finne Vebjørn

Ti dagar etter at han forsvann er 22 år gamle Vebjørn Endreseth framleis sakna. Dette pregar småbåtmiljøet i Kristiansund, som i fleire dagar har leita etter ein av sine eigne.

Ti dagar etter at han forsvann er 22 år gamle Vebjørn Endreseth enno ikkje funnen. Dette pregar småbåtmiljøet i Kristiansund, som i fleire dagar har leita etter ein av sine eigne.

Frits Kristiansen

Styreleiar i småbåtlaget, Frits Kristiansen, seier at stemninga på møtet om sjøtryggleik var spesiell.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Måndag 24. mars vart 22 år gamle Vebjørn Endreseth meldt sakna etter at seglbåten hans blei funnen tom på Langholmen ved Tustna. Det har no gått ti dagar, og søkjarane har ikkje funne han enno.

I førre veke vart statusen i leiteaksjonen endra til «søk etter antatt omkommen person». Under møtet i Kristiansund småbåtlag var stemninga annleis enn den brukar å vere.

Har ikkje gitt opp

Møtet som handla om sjøtryggleik er no meir aktuelt enn nokon kunne ønskje. Styreleiar i småbåtlaget, Frits Kristiansen, seier at møtet blei veldig spesielt etter den tragiske hendinga i førre veke. Mange i småbåtlaget var med i søket etter Vebjørn.

– Det kjem veldig tett på oss alle når sånt skjer. Vi er eit lite lokalsamfunn og alle kjenner alle, seier Kristiansen som ikkje har klart å slå seg til ro med at Vebjørn ikkje er funnen.

Politiet har heller ikkje gitt heilt opp. Onsdag vart det bestemt at politiet skal gjennomføre eit nytt søk under vatn utanfor Grip i løpet av dei nærmaste dagane.

Grip, kristiansund

Politiet skal gi søket etter Vebjørn Endreseth eit siste forsøk. I løpet av dei nærmaste dagane skal dei setje i gong eit søk under vatn utanfor Grip.

Foto: Eirik Haukenes / NRK