Normal

Vil truleg leite vidare utover kvelden og natta

Leiteaksjonen held fram etter at ein mann i 20-åra blei meld sakna. Han skal ha vore på tur ved fjellet Sørtussen i Eide kommune.

Helikoptersøk i Eide

HELIKOPTERSØK: To helikopter søker no etter mannen i det bratte terrenget rundt fjellet Sørtussen i Eide kommune.

Foto: Karl Martin Sandnes

Både helikopter og bakkemannskap har leita, onsdag kveld. Politiet fortel at det er mørkt, bratt og ugunstige leiteforhold. Dei må også ta omsyn til rasfare i området.

Likevel er det ingen planar om å avslutte søket enda, opplyser politiet like etter 22.30.

– Helikopteret søker framleis i fjellsida, og vi har frivillige som søker i dei områda det er forsvarleg å gå inn i. Ulendt terreng og rasfare gjer leitinga vanskelegare, men det er ikkje tatt ei ny vurdering, og vi har ingen planar om å avslutte no, sa operasjonsleiar 22.30.

Slik det ser ut vil søket halde fram ut over kvelden og natta, ifølge operasjonsleiar.

Søket har gått føre seg i området nordaust for fjellet, på grensa mellom Eide kommune og Gjemnes kommune.

I første omgang blei det søkt med to helikopter, men mannskap frå politiet og frivillige blei etter kvart sett inn i søket for å ta seg opp det bratte terrenget.

Laster kart, vennligst vent...

LEITEAKSJON: To helikopter, redningshundar og frivillige frå Røde Kors er sett inn i søket.

Mannen blei meld sakna 17.14, og skal sist ha vore i kontakt med ein kamerat i 12-tida.

Det var den same kameraten som melde mannen sakna, men etter det politiet veit var mannen aleine på turen.

Frivillige frå Røde Kors, Norske Redningshundar, Norsk Folkehjelp og to helikopter er sett inn i søket.

Laster Twitter-innhold

Det skal vere snakk om ein basehoppar som har lagt ut på tur.

– Vi veit ikkje om det har blitt hoppa, men det er nok basehopp som har vore utgangspunktet for turen, opplyser politiet.