Hopp til innhold

Leiteaksjon i Sunndal

Oppsummert

To ryggsekkar blei funne, og fleire rop blei høyrt av ein turgåar i nærleiken av Jokkerdalen i Sunndal. Ein leiteaksjon blei sett i verk, men eigarane av sekkane blei funne i god behold.

  • Turistane hadde skilt lag

    Turgåarane i Sunndal var to finnar, som sette frå seg sekkane for å ta seg opp i ulent terreng, ifølge politiet. Dei hadde kome bort frå kvarandre, og ropte difor høgt for å finne saman. – Vi er glade for at det gjekk så bra, seier innsatsleiar i politiet, Olav Gjøvik. Hanna og Anssi var takksame for at beredskapen var så god, sjølv om dei ikkje trengde hjelp.

    Turistar
    Foto: Benth Owesen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL