NRK Meny
Normal

Funnen i god behald

Politiet stadfestar at mannen som har vore sakna etter ein fjelltur i Norangsdalen er funnen.

Leiteaksjon i Norangsdalen

Ein mann var sakna i Norangsdalen på Sunnmøre.

Foto: Skjermdump/Google Maps

Mannen er i stand til å ta seg ned til Fivelstad saman med redningsmannskapa som fann han. – Vi fekk melding om at mannen var funnen kl. 22.20, seier John Kåre Flo ved operasjonssentralen til NRK.

Klokka 19.45 fekk politiet telefonkontakt med den sakna mannen. Han veit ikkje kor han er og han melder at han er kald og våt. Mobildekninga på staden er dårleg.

Måndag ettermiddag starta politiet og Røde Kors leiteaksjonen etter ein mann som ikkje kom att frå ein fjelltur i Norangsdalen i på Sunnmøre i ettermiddag. Det er dårleg vêr i området.

– Circa klokka 16.30 fekk vi melding om at ein person ikkje hadde kome att frå fjelltur, fortel Kenneth Sætre, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

– Det var ein tur som hadde teke litt lengre tid enn normalt og valde derfor i samråd med hovudredningssentralen å setje i gang søk etter han, legg han til.

Dårleg vêr gjer at det ikkje er mogleg for helikopter å gjere søk i området slik at søket vil bli gjort til fots.

På tur til fjelltoppen Blæja

– Kva for område i dalen er det snakk om?

– Det er området mellom Kvitegga og Blæja som vi konsentrerer oss om. Det gjeld også området der bilen til han som er på tur vart funnen, seier Sætre.

Det er bratt og ulendt i terrenget, spesielt når vêrforholda er som dei er med tette snøbyer i området. Det er ikkje kjend om mannen, som skal vere i 40-åra, gjekk til fots eller var på ski då han la ut på turen.

– Meldinga var at mannen skulle på ein skitur opp til Blæja, men det er høgst usikkert, seier han.

Den sakna mannen vert skildra som fjellvant og kjend i området.

– Vi har godt håp

Søkemannskapet fekk først bistand frå luftambulanse, men helikopteret måtte lande på grunn av det dårlege vêret.

– SeaKingen har også returnert til Florø på grunn av vêrutsiktene og moglegheitene til å hjelpe til i leitinga, seier Sætre.

Trass i dei dårlege leiteforholda, trur operasjonsleiaren at dei har gode odds for å finne mannen i tide.

– Vi har godt håp om å finne han, og vi set inn alle ressursar vi har for å finne han.

Det er kalla inn meir enn 30 mannskap frå Røde Kors som etablerer seg saman med politiet på staden. Også fleire frivillige deltek i søket.