Hopp til innhold

Leiteaksjon i Molde avslutta

Politiet har sidan klokka ni i formiddag leita etter ein mann i Molde, men etter eit par timar var aksjonen avslutta.

Leiting i Molde

Då var mannen funnen i god behald, opplyser politiet. Mannen i 20-åra blei funnen i eit husvære like ved der han bur, men eit godt stykke unna der han hadde kledd av seg.

For leitinga starta då kleda til mannen blei funnen i Molde sentrum i 09-tida. Då låg kleda i inngangspartiet til ein butikk som skulle opne.

Politiet visste med ein gong kven som eigde kleda, sidan dei inneheldt identifikasjonspapir på mannen.

Dei undersøkt i heimen til mannen, men der var det ingen teikn eller spor. Familien han kunne heller ikkje hjelpe med opplysningar.

Difor blei det sett i verk søk både på land og sjø. Røde Kors konsentrerte seg om sentrumsområdet. I tillegg deltok både brannvesen, luftambulansen og dykkarar som leita i hamnebassenget.

Mannen som bur i Molde skal no prøve å forklare politiet kvifor han kledde av seg før han tok retning mot heimen sin.