Hopp til innhold

Leiteaksjon i Kristiansund

Politiet og andre etatar har i natt søkt etter ei kvinne ved Nordsundbrua i Kristiansund. Det blei mellom anna søkt med helikopter og dykkarar i sjøen. Søket blei sett i gang etter at ein observasjon blei meldt inn til politiet, opplyser operasjonsleiar Sindre Molnes. Søket blei etter kvart avslutta då det ikkje blei gjort noko funn etter ein person. Politiet har oppretta ei undersøkingssak på forholdet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL