Hopp til innhold

Leiteaksjon i Ålesund

I Ålesund leitar politiet etter ei asiatisk mor og eit barn på fire år. Dei leitar i Moa- og Spjelkavik-området. Kvinna har på seg eit rosa skaut, spragla bukse og kvit blomstra genser. Mykje politi og Røde Kors leitar etter dei to. Politiet er uroa for tilstanden til dei to.