Leiteaksjon etter ti år gamal gut

Det er sett i gang ein leiteaksjon etter ein ti år gamal gut i Hustadvika kommune. Guten skal ha kome vekk frå turfølgjet sitt i området rundt det populære turmålet Trollkyrkja. Helikopter, frivillige og politimannskap er med i leitinga. Det melder Politiet i Møre og Romsdal på Twitter.