Hopp til innhold

Mann i 40-åra sikta for å ha stukke frå ulykke

Politiet etterlyste bilen og sette i gang leiteaksjon etter at ein bilførar stakk frå ei trafikkulykke i Molde laurdag. No er ein mann i 40-åra sikta for å ha forlate ulykka.

Operasjonsleder John Trygve Bratland

Operasjonsleiar John Brattland i Møre og Romsdal politidistrikt sette i gang ein leiteaksjon etter den etterlyste bilen og frykta éin eller fleire kunne vere livstrugande skadde

Foto: Politiet

Det var like etter klokka 09.30 laurdag at to bilar var involverte i ei trafikkulykke i Langmyrvegen i Molde. Føraren av den eine bilen stakk av i det som skulle vere ein koksgrå UR-registrert Ford S-max. Politiet gjekk ut med etterlysing av bilen og føraren og sette etter kvart i gong med ein leiteaksjon saman med Røde Kors. Grunnen var at dei frykta ein eller fleire i den etterlyste bilen kunne vere livstrugande skadd.

Laster Twitter-innhold

Føraren, som viste seg å vere ein mann i 40-åra, vart funnen fem timar etter ulykka, og er no sikta for å ha forlate ei trafikkulykke. Mannen er også sikta for brot på vikeplikta og for å ha køyrd utan gyldig førarkort. Politiet mistenkjer også at han køyrde i alkoholpåverka tilstand.

Laster Twitter-innhold

Føraren av den andre bilen som var involvert i ulykka er sendt til legevakta for sjekk.

– Vi var uroa for at sjåførar eller eventuelle passasjerar som stakk frå staden var alvorleg skada. Difor sette vi i gang ein leiteaksjon. Den er no avslutta, skriv leiaren for operasjonssentralen i ei melding.

30 personar frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp deltok i aksjonen.

Laster Twitter-innhold