Hopp til innhold

Avsluttar leiteaksjon i Haram

Både båtar og helikopter blei måndag kveld sende ut for å finne ut om nokon var i havsnaud i Haram på Sunnmøre, etter at ein person har sett fleire naudbluss. Søket blei avslutta like etter klokka 01.

Naudbluss i Haram

Siste: Klokka 01.08 melder Hovudredningssentralen at leiteaksjonen er avslutta.

– Det aktuelle området er grundig gjennomsøkt uten funn, så vi ser ingen grunn til å leite vidare. Det seier Bjørn Jarle Aamlid ved Hovudredningssentralen til NRK.

Det var etter at ein person på Fjørtofta meldte at han hadde sett fleire naudbluss vest for Haramsøya, at naudetatane vart kontakta.

– Vi må forsikre oss om at ingen treng hjelp. Vi har ikkje gjort nokon observasjonar og vi har ingen meldingar om sakna, sa redningsleiar Erik Willasen til NRK måndag kveld.

Leitte i konsentrert område

Det blei først søkt i eit område på fem ganger åtte nautiske mil.

Eit Sea King helikopter frå Florø og luftambulansen frå Ålesund deltok i søket. Det same gjorde to redningsskøyter, ein kystfregatt og to sivile skip.

Klokka 00.15 melde Hovudredningssentralen at dei konsentrerte søket nord vest av Ulla fyr, på bakgrunn av den opphavlege meldinga. Det var då ingen funn som kunne tyde på at nokon er i naud.