Ei 65 år gammal kvinne frå Langevåg blei redda av ambulansehelikopteret då ho i går gjekk seg vill i tjukk skodde på Sulafjellet.
Kvinna blei meldt sakna av familien i går ettermiddag.
Politiet sette i gang ein omfattande leiteaksjon, og kvinna blei funnen etter ein times leiting, seier stabssjef Kåre Hanken ved Sunnmøre Politidistrikt.
Han opplyser at kvinna var våt og sliten då ho vart funnen 4-500 meter vest for Grøthornet, mot Eltrane på Sula.